mandag 14. juli 2014

24. og 25. juni var det FriMoro i Luster og Leikanger kommune. To dagar med mange kjekke aktivitetar:) I Leikanger var det overnatting ute med speidaren.
I Luster var ca. 70 barn med begge dagane frå alle skulane og det blei knytt venskap på tvers av bygdene.

Det er kjekt og viktig at ungar frå ulike skular kjem saman og møtest. Det ser vi tydeleg at ungane set pris på, og vi ser at dei finn tonen. Venskap kan starte på denne måten.
 




 

Både Lions, Røde Kors, Gaupne helselag og Frivillighetssentralen var med i Luster. Det å setje organisasjonar og borna i kontakt og kople dei i hop er også eit viktig mål for oss.

mandag 2. juni 2014

Oversiktsbilete S1 Sognefjordvegen

Her er oversiktsbilde som skisserer ruta ifrå Hella til Sognefjellet. Dette er kun ein enkel innteikning og ikkje GPS spor.

 

Ønskjer du meir detaljert oversikt over S1 Sognefjordvegen kan du laste ned kartutsnitt i PDF format med innteikna rute ifrå GPS spor.

S1 Sognefjordvegen Leikanger:

https://www.dropbox.com/s/5y14jioxoxp1826/S1%20Leikanger.pdf

S1 Sognefjordvegen Sogndal:

https://www.dropbox.com/s/rtvz9ixflrraj6l/S1%20Sogndal.pdf

S1 Sognefjordvegen Luster vest:

https://www.dropbox.com/s/4g6p1vi5wllwvzm/S1%20Luster%20vest.pdf

S1 Sognefjordvegen Luster aust:

https://www.dropbox.com/s/ql6j2fj4gvlqc4m/S1%20Luster%20aust.pdf





Du vil også finne dei ulike strekningane som turforslag på www.ut.no


Friluftsdagar for born i Leikanger, Sogndal og Luster kommune vert vidareført under namnet Frimoro.

2013 var eit lærerikt og spannande år, erfaringer frå dette tek me med i Frimoro i 2014. Fyrst ut er Leikanger og Luster 24.- 25. juni.
Fantastisk dugndadsvår i Sogn.
I Skjolden, i Luster kommune, har If Fannaråkk og Bygdelaget starta å rydde ein sti mellom Hauge og Hagali. I Sogndal har Norane IL starta å rydde fram ein sti mellom Ølmheim og Mortaberg. I Leikanger har Turlaget og Syril rydda fram stien mellom Skoparsete og Kleivafjellstølen.
 
Dette engasjementet er svært gledeleg for lokale innbyggjarar og det regionale kommunale folkehelsearbeidet som pågår. Ein stor takk til lokale grunneigarar og ildsjeler for dette.




Skilt til S1 Sognefjordvegen vert i desse dager distribuert ut til frivillige. Her ser de eit lite utvalg av skilta som skal monterast i Leikanger kommune.

onsdag 9. oktober 2013

Friluftsdagar for born i Leikanger, Sogndal og Luster


Folkehelse og førebyggande helsearbeid i Sogn har i samarbeid med frivillige lag og organisasjonar, Høgskulen i Sogn og Fjordane gjennomført friluftsdagar for born i Leikanger, Sogndal og Luster kommune. Borna som har vore med har hatt kjekke og lærerike dagar i natur. Det har vorte lagt opp til dagar fylte med aktivitetar som kano, bål, pil og boge, orientering med GPS, leikar, matlaging, fiske og luftgevær. Aktivitetar i friluft gjev læring, lagarbeid og mestring, naturoppleving, sosiale relasjonar, og nye vener, «gratis» fysisk aktivitet, og mykje moro! Tilbodet er gratis og alle born kan vere med. Tilbakemeldingane i alle tre kommunane; frå borna, foreldre, lag og organisasjonar og høgskulen, har vore udelt positive. Tiltaket har stort potensiale og tilbodet vil fortsette framover i alle kommunane.



Måndag og tysdag i haustferieveka vart friluftsdagar for born arrangert i Sogndal i samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane.
 


Begge dagane i Sogndal vart borna vegleda av studentar på friluftsliv bachelor programmet til Høgskulen i Sogn og Fjordane. Dette passer godt inn i kurset friluftspedagogikk fortel kursansvarleg Linda Hallandvik ved Høgskulen. I dette kurset på Høgskulen vert det fokusert på uteskule og korleis naturen kan nyttast i læring og utvikling av kognitiv, motorisk og sosial kompetanse, men også førebygge livstilssjukdommar og grunnlegge ein aktiv livstil.
 


For studentane ved Høgskulen var det interessant å sjå korleis kommunane no arbeider med folkehelse, og at det finst framtidige arbeidsmoglegheiter innan folkehelse med kompetanse på idrett og friluftsliv.
 


Måndag 7. oktober var 40 born og vaksne på Røvhaugane i Sogndal der dei laga leirplass med gapahuk og bål, baka brød og laga ulike matrettar på bålet. Etter lunsj var det ulike leikar og bygging av pil og boge med påfølgande skyting på blink. Sporlaus ferdsel var sjølvsagt eit tema og leirplassen vart riven og rydda etter dagen.
 


Tysdag 8. oktober var det like mange barn og vaksne i skogen bak Kaupanger barne- og ungdomskule Her var det også leirliv med gapahuk, bålbrenning og matlaging på programmet. I tillegg var det leik og moro i skogen med ulike utfordringar samt dramatisering og historieforteljing rundt bålet.


Tilbakemelding frå ungane var at dette var kjempekjekt og alle fekk gjere noko dei aldri tidlegare hadde gjort, anten det var å sette opp ein gapahuk, lage bål, matlaging på bål, pil og boge eller besøke eit nytt naturområde for å nemne noko. Mange foreldre har også satt pris på eit tilbod til borna i haustferien sidan mange er opptatt med arbeid medan ungane er heime ifrå skulen.
 


No jobbar kommunane vidare med planane for 2014 og målet ar at alle som veks opp i Leikanger, Sogndal og Luster skal få fleire og nye friluftsdagar i samarbeid med frivillige lag, organisasjonar, kommune og høgskulen.

fredag 4. oktober 2013

Friluftsdagar for born i Sogndal

Torsdag 3. oktober planla studentar friluftsdagar for born som vert arrangert i 7. og 8. oktober i Sogndal. Etter ei spannande idemyldring med studentar frå heile landet vart programmet klart.

Måndag og tysdag vert to flotte dagar med leik og læring for store og små i naturen kring Sogndal.