torsdag 12. juli 2012

Rapportar publisert på nettsida

Skjolden. Foto av Harald Vatne
FFHIS ynskjer alle som følgjer prosjektet god sommar. Rapportar frå kartleggingsarbeidet er no lagt ut på nettsida vår og du kan sjå dei her:

torsdag 5. juli 2012

Utviklingsmidlar frå fylkesmann

FFHIS har fått tildelt 100 000,- kr i fornyingsmidlar hjå Fylkesmann. Programstyret til Fylkesmann hadde som målsetnad å prioritere samarbeidsprosjekt der fleire kommunar deltek enten innafor ein region eller som fylkesdekkjande prosjekt. I tillegg til å prioritere samarbeidsprosjekt, har programstyret lagt vekt på at prosjekta skal vere nyskapande, ha overføringsverdi, vere forankra i kommuneleiinga og hjå tilsette. Prosjekta bør gje klåre kvalitetsforbetringar og- /eller effektiviseringsgevinstar. Det vert lagt vekt på konkrete gjennomføringsprosjekt framfor utgreiingsprosjekt.

Fylkesmann i Sogn og Fjordane har prioritert desse prosjekta;

onsdag 4. juli 2012

Samarbeid med brukarorganisasjonar

I Luster har brukarorganisasjonane etablert eit felles brukarutval. FFHIS vart invitert til eit dialogmøte mellom organisasjonane og kommunen. FFHIS presenterte den interkommunale folkehelsesatsinga der Luster ein ein av lagspelarane. Det vart også etablert samarbeid med brukarutvalet. Det var viktig at organisasjonane fekk konkretisert korleis og når i prosjektet dei ynskjer å involverast, og at dei vil vere ein sentral aktør i utforminga og driftinga av ein frisklivssentral i Luster.

Presentasjon frå FFHIS

mandag 2. juli 2012

Gode folkehelsetiltak i prosjektkommunane


Kommunane har fått i oppdrag å presentere 10 av sine beste tiltak innan folkehelse- og førebyggjande helsearbeid. Målsetnaden er å få oversikt over gode tiltak og vurdere desse ut i frå målsetnad og effekt tiltaka har. Kartlegginga har resultert i eit dokument som presentera 30 gode folkehelsetiltak frå Leikanger, Sogndal og Luster kommune. FFHIS håpar dokumentet kan gi andre idear og nyttig informasjon om gode folkehelse- og førebyggjande tiltak. Ein stor takk til alle som har bidrege til å denne oversikten.

Dokumentasjon og evaluering av etablerte folkehelsetiltak

mandag 11. juni 2012

Folkehelseutstilling ved Sogndal bibliotek


Sogndal bibliotek har teke initiativ til ei spennande folkehelseutstilling. Nyinnkjøpte videoar og bøker om alt frå sunn matlaging til ulike former for trening kan inspirere folk både til å ete sunnare og komme i gang med regelmessig fysisk aktivtet. Mange i Sogndal er regelmessig fysisk aktive og kanskje utstillinga kan gi nye tips og idear til folk som alt fokuserar på ei god helse. Bibliotekar Signe Witsbø, ynskjer også  med utstillinga at folk som nødvendigvis ikkje er så mykje i fysisk aktivitet skal bli motiverte til å komme i gang både med fysisk aktivitet og sunn matlaging.

Folkehelse og førebyggjande helsearbeid i Sogn fekk i oppdrag å opne Sogndal bibliotek si folkehelseutstilling. Den nye helseutstillinga var opna med ein fagbit der status for folkehelsa i Sogndal vart presentert i saman med helseutfordringar. Det går ikkje ann berre å snakke om kor viktig det er å vere dagleg fysisk aktive med moderat intensitet ein halv time om dagen, men også gjere det! Prosjektleiar for Folkehelse og førebyggjande helsearbeid i Sogn, May Britt Hauge, opna folkehelseutstillinga med å ta med publikum på ein pulsauke til moderat intensitet.


onsdag 6. juni 2012

Vidare offentleg støtte til folkehelseprosjektet



Leikanger, Sogndal og Luster fekk nyleg tildelt 400 000,- kr frå helsedirektoratet til å vidareføre folkehelseprosjektet. Dette er andre året på rad helse- og omsorgsdepartementet gir tilskot til prosjektet. Regjeringa ynskjer å stimulere kommunane til å samhande for å styrke folkehelsa i kommunane. ​

Engasjementet rundt tilskuddsordninga har i år vore serleg stor og helsedirektoratet har motteke 380 søknadar. Folkehelse og førebyggjande helsearbeid i Sogn er spesielt glade og takknemlege for vidare støtte!

Helse- og omsorgsdepartementet har også støtta andre gode samhandlingstiltak i fylket. Oversikt over desse tiltaka kan du sjå her;
Samhandlingstiltak som har fått offentleg støtte i Sogn og Fjordane

 

torsdag 12. april 2012

Oversikt over gode folkehelsetiltak

Folkehelse og førebyggjande helsearbeid i Sogn kartlegg gode folkehelsetiltak i prosjektkommunane med målsetnad om å fremme god helse og førebyggje helseplager. Det blir spennande å sjå om nokre av tiltaka kan bli interkommunale og kanskje nokre av tiltaka til og med kan verte kommunane sine folkehelsefyrtårn?


onsdag 7. mars 2012

Seminar om helsetilstand 1.mars


Folkehelse og førebyggjande helsearbeid i Sogn inviterte 1.mars til seminar om helsetilstand i prosjektkommunane. Seminaret tok utgangspunkt i kartlegging av helsetilstanden til innbyggjarane våre basert på nyleg tilgjengeleg helsedata frå folkehelseinstituttet og anna relevant data. Stemmer statistikken med den praktiske erfaringa me har frå kommunane? Dyktige fagpersonar holdt førebudde innlegg som utgangspunkt for felles drøfting. Tema var korleis me både på individ og samfunnsnivå kan påverke ei samfunnsutvikling som fremmar folkehelsa og utjamnar sosiale skilnadar i helse?

48 personar deltok frå prosjektkommunane, fylkeskommunen, NAV og høgskulen. Seminaret skapte godt engasjement og det kom fram mange gode forslag til tiltak som kan styrke folkehelsearbeidet hjå oss.