mandag 11. juni 2012

Folkehelseutstilling ved Sogndal bibliotek


Sogndal bibliotek har teke initiativ til ei spennande folkehelseutstilling. Nyinnkjøpte videoar og bøker om alt frå sunn matlaging til ulike former for trening kan inspirere folk både til å ete sunnare og komme i gang med regelmessig fysisk aktivtet. Mange i Sogndal er regelmessig fysisk aktive og kanskje utstillinga kan gi nye tips og idear til folk som alt fokuserar på ei god helse. Bibliotekar Signe Witsbø, ynskjer også  med utstillinga at folk som nødvendigvis ikkje er så mykje i fysisk aktivitet skal bli motiverte til å komme i gang både med fysisk aktivitet og sunn matlaging.

Folkehelse og førebyggjande helsearbeid i Sogn fekk i oppdrag å opne Sogndal bibliotek si folkehelseutstilling. Den nye helseutstillinga var opna med ein fagbit der status for folkehelsa i Sogndal vart presentert i saman med helseutfordringar. Det går ikkje ann berre å snakke om kor viktig det er å vere dagleg fysisk aktive med moderat intensitet ein halv time om dagen, men også gjere det! Prosjektleiar for Folkehelse og førebyggjande helsearbeid i Sogn, May Britt Hauge, opna folkehelseutstillinga med å ta med publikum på ein pulsauke til moderat intensitet.


onsdag 6. juni 2012

Vidare offentleg støtte til folkehelseprosjektet



Leikanger, Sogndal og Luster fekk nyleg tildelt 400 000,- kr frå helsedirektoratet til å vidareføre folkehelseprosjektet. Dette er andre året på rad helse- og omsorgsdepartementet gir tilskot til prosjektet. Regjeringa ynskjer å stimulere kommunane til å samhande for å styrke folkehelsa i kommunane. ​

Engasjementet rundt tilskuddsordninga har i år vore serleg stor og helsedirektoratet har motteke 380 søknadar. Folkehelse og førebyggjande helsearbeid i Sogn er spesielt glade og takknemlege for vidare støtte!

Helse- og omsorgsdepartementet har også støtta andre gode samhandlingstiltak i fylket. Oversikt over desse tiltaka kan du sjå her;
Samhandlingstiltak som har fått offentleg støtte i Sogn og Fjordane