torsdag 12. juli 2012

Rapportar publisert på nettsida

Skjolden. Foto av Harald Vatne
FFHIS ynskjer alle som følgjer prosjektet god sommar. Rapportar frå kartleggingsarbeidet er no lagt ut på nettsida vår og du kan sjå dei her:

torsdag 5. juli 2012

Utviklingsmidlar frå fylkesmann

FFHIS har fått tildelt 100 000,- kr i fornyingsmidlar hjå Fylkesmann. Programstyret til Fylkesmann hadde som målsetnad å prioritere samarbeidsprosjekt der fleire kommunar deltek enten innafor ein region eller som fylkesdekkjande prosjekt. I tillegg til å prioritere samarbeidsprosjekt, har programstyret lagt vekt på at prosjekta skal vere nyskapande, ha overføringsverdi, vere forankra i kommuneleiinga og hjå tilsette. Prosjekta bør gje klåre kvalitetsforbetringar og- /eller effektiviseringsgevinstar. Det vert lagt vekt på konkrete gjennomføringsprosjekt framfor utgreiingsprosjekt.

Fylkesmann i Sogn og Fjordane har prioritert desse prosjekta;

onsdag 4. juli 2012

Samarbeid med brukarorganisasjonar

I Luster har brukarorganisasjonane etablert eit felles brukarutval. FFHIS vart invitert til eit dialogmøte mellom organisasjonane og kommunen. FFHIS presenterte den interkommunale folkehelsesatsinga der Luster ein ein av lagspelarane. Det vart også etablert samarbeid med brukarutvalet. Det var viktig at organisasjonane fekk konkretisert korleis og når i prosjektet dei ynskjer å involverast, og at dei vil vere ein sentral aktør i utforminga og driftinga av ein frisklivssentral i Luster.

Presentasjon frå FFHIS

mandag 2. juli 2012

Gode folkehelsetiltak i prosjektkommunane


Kommunane har fått i oppdrag å presentere 10 av sine beste tiltak innan folkehelse- og førebyggjande helsearbeid. Målsetnaden er å få oversikt over gode tiltak og vurdere desse ut i frå målsetnad og effekt tiltaka har. Kartlegginga har resultert i eit dokument som presentera 30 gode folkehelsetiltak frå Leikanger, Sogndal og Luster kommune. FFHIS håpar dokumentet kan gi andre idear og nyttig informasjon om gode folkehelse- og førebyggjande tiltak. Ein stor takk til alle som har bidrege til å denne oversikten.

Dokumentasjon og evaluering av etablerte folkehelsetiltak