Folkehelsetiltak

Prosjektet Folkehelse og førebyggjande helsearbeid i Sogn har som eit av sine delområde å dokumentere og evaluere etablerte tiltak. Tiltaka prosjektet vil sjå nærare på er aktivitetar som har som målsetnad om å vere helsefremmande og førebyggjande i ulike aldersgrupper.
Sidan prosjektkommunane har uendeleg med tilbod er kommunane utfordra til å presentere sine 10 beste folkehelse tiltak. Slik vil me få oversikt over gode tiltak og vurdere desse ut i frå målsetnad og effekt tiltaka har.
Folkehelse og førebyggjande helsearbeid i Sogn vil vurdere om nokre av dei eksisterande tilboda har potensiale til å bli interkommunale. Kanskje nokre av tiltaka til og med kan verte kommunane sine folkehelsefyrtårn?
Folkehelsekoordinatorane i prosjektkommunane har fått ansvar for å formidle og koordinere kartlegginga i eigen organisasjon. Kanskje kjenner du til gode tiltak som bør vurderast? Kartlegginga skal sluttførast i løpet av april, og det er ynskjeleg at alle gode innspel er mottekne innan 20.04.2012.
Takk til alle som har bidrege i kartleggingsarbeidet. FFIS håpar dokumentet kan gi andre idear og nyttig informasjon om gode folkehelse- og førebyggjande tiltak. Ein lenk til rapporten finn du under.


Dokument:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar