Frimoro

1. juli 2014
24. og 25. juni var det FriMoro i Luster og Leikanger kommune. To dagar med mange kjekke aktivitetar:) I Leikanger var det overnatting ute med speidaren.
I Luster var ca. 70 barn med begge dagane og det var barn med frå alle skulane i kommunen.


Det er kjekt og viktig at ungar frå ulike skular kjem saman og møtest. Det ser vi tydeleg at ungane set pris på, og vi ser at dei finn tonen. Venskap kan starte på denne måten. 

 

Både Lions, Røde Kors, Gaupne helselag og Frivillighetssentralen var med i Luster. Det å setje organisasjonar og borna i kontakt og kople dei i hop er også eit viktig mål for oss.

2. februar 2014

Friluftsdagar for born i Leikanger, Sogndal og Luster kommune vert vidareført under namnet Frimoro.

2013 var eit lærerikt og spannande år, erfaringer frå dette tek me med i Frimoro i 2014. Fyrst ut er Leikanger og Luster 24.- 25. juni.




20. oktober 2013

Friluftsdagar for born i Leikanger, Sogndal og Luster



Folkehelse og førebyggande helsearbeid i Sogn har i samarbeid med frivillige lag og organisasjonar, Høgskulen i Sogn og Fjordane gjennomført friluftsdagar for born i Leikanger, Sogndal og Luster kommune. Borna som har vore med har hatt kjekke og lærerike dagar i natur. Det har vorte lagt opp til dagar fylte med aktivitetar som kano, bål, pil og boge, orientering med GPS, leikar, matlaging, fiske og luftgevær. Aktivitetar i friluft gjev læring, lagarbeid og mestring, naturoppleving, sosiale relasjonar, og nye vener, «gratis» fysisk aktivitet, og mykje moro! Tilbodet er gratis og alle born kan vere med. Tilbakemeldingane i alle tre kommunane; frå borna, foreldre, lag og organisasjonar og høgskulen, har vore udelt positive. Tiltaket har stort potensiale og tilbodet vil fortsette framover i alle kommunane.


Måndag og tysdag i haustferieveka vart friluftsdagar for born arrangert i Sogndal i samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane.

 

Begge dagane i Sogndal vart borna vegleda av studentar på friluftsliv bachelor programmet til Høgskulen i Sogn og Fjordane. Dette passer godt inn i kurset friluftspedagogikk fortel kursansvarleg Linda Hallandvik ved Høgskulen. I dette kurset på Høgskulen vert det fokusert på uteskule og korleis naturen kan nyttast i læring og utvikling av kognitiv, motorisk og sosial kompetanse, men også førebygge livstilssjukdommar og grunnlegge ein aktiv livstil.
 

For studentane ved Høgskulen var det interessant å sjå korleis kommunane no arbeider med folkehelse, og at det finst framtidige arbeidsmoglegheiter innan folkehelse med kompetanse på idrett og friluftsliv.
 

Måndag 7. oktober var 40 born og vaksne på Røvhaugane i Sogndal der dei laga leirplass med gapahuk og bål, baka brød og laga ulike matrettar på bålet. Etter lunsj var det ulike leikar og bygging av pil og boge med påfølgande skyting på blink. Sporlaus ferdsel var sjølvsagt eit tema og leirplassen vart riven og rydda etter dagen.
 

Tysdag 8. oktober var det like mange barn og vaksne i skogen bak Kaupanger barne- og ungdomskule Her var det også leirliv med gapahuk, bålbrenning og matlaging på programmet. I tillegg var det leik og moro i skogen med ulike utfordringar samt dramatisering og historieforteljing rundt bålet.

Tilbakemelding frå ungane var at dette var kjempekjekt og alle fekk gjere noko dei aldri tidlegare hadde gjort, anten det var å sette opp ein gapahuk, lage bål, matlaging på bål, pil og boge eller besøke eit nytt naturområde for å nemne noko. Mange foreldre har også satt pris på eit tilbod til borna i haustferien sidan mange er opptatt med arbeid medan ungane er heime ifrå skulen.
 

No jobbar kommunane vidare med planane for 2014 og målet ar at alle som veks opp i Leikanger, Sogndal og Luster skal få fleire og nye friluftsdagar i samarbeid med frivillige lag, organisasjonar, kommune og høgskulen.

4. oktober 2013

Planlegging av friluftsdagar for born

Torsdag 3. oktober planla studentar friluftsdagar for born som vert arrangert i 7. og 8. oktober i Sogndal. Etter ei spannande idemyldring med studentar frå heile landet vart programmet klart.

Måndag og tysdag vert to flotte dagar med leik og læring for store og små i naturen kring Sogndal.








Friluftsdagar for born i Sogndal 7. og 8. oktober.

7. og 8. oktober vert det arrangert friluftsdagar for born i Sogndal, i lag med Høgskulen i Sogn og Fjordane. Alle born i 4- 7. trinn har fått invitasjon på skulane sine. Om det fortsatt er nokon som vil melde seg på. ta kontakt med Knut Myking, 97767690 eller knut.myking@gmail.com. Rapport ifrå dagane vil bli lagt ut her i etterkant.


28. juni 2013

Friluftsdagar for barn i Luster og Leikanger














Friluftsdagane blei arrangert for fyste gong 25. og 26. juni.
Tilbodet er eit samarbeidsprosjekt mellom frivillige lag/organisasjonar og kommunane Luster, Leikanger og Sogndal gjennom det interkommunale folkehelseprosjektet "FFHIS".
Målsettinga er at barn skal få prøve forskjellige aktivitetar og bli glad i friluftsliv!


Aktivitetar i friluft gjev:

  • - læring, lagarbeid og mestring
  • - naturoppleving
  • - sosiale relasjonar og nye venner
  • - "gratis" fysisk aktivitet
  • - og mykje moro!




Det blei ein flott start på prosjektet både i Luster og Leikanger. Alle som var med, både ungar og vaksne storkosa seg.
Av aktivitetar var det bl.a. kano, fisking, bålbrenning, pil og boge, lage spennande mat på bålpanne, spikking, natursti, kart og kompass, GPS, "sup brett", luftgevær, brenneneslesuppe, seljefløyte mv. Litt ulike aktivitetar i kommunane.


Me har fått veldig gode tilbakemeldingar frå foreldre. Eit flott opplegg der ungane får møtast og drive med spennande aktivitetar heile dagen.

Det er etablert eit godt samarbeid med organisasjonane. Organisasjonar som er med i Luster: Luster Turlag, L.C. Lions, Frivilligsentralen og Nasjonalforeningen Gaupne Helselag.
Leikanger: Leikanger jakt og fiskelag og Systrond speidergruppe.


Me er i planleggingsfase for å få til eit liknande tilbod i Sogndal.
Målet er at dette skal bli eit årleg tilbod for barn i grunnskulen.
Fleire organisasjonar er velkomne til å bli med vidare. Her er det berre å ta kontakt!








Organisasjonane er gull verd for folkehelsearbeidet i kommunane!
- Takk til alle som var med denne gongen -

Friluftsdagar 25. og 26. juni

Nytt tilbod i Luster og Leikanger. Me i planleggingsfase i Sogndal.
Mål for friluftsdagane er at barn skal bli glad i friluftsliv! Vidare at dette blir eit fast tilbod i kommunane (sommar/haust). Tilbodet er gratis. Det er eit samarbeidsprosjekt mellom frivillige lag-/organisasjonar, kommunen og FFHIS.

 
Nyhende som er lagt ut på heimesida i kommunane Leikanger og Luster:
 
Friluftsdagar for barn i 5. - 7. klasse
 
Likar du å drive med aktivitetar ute og bli kjent med andre?
Då er dette noko for deg!
Nytt sommartilbod i Luster og Leikanger tysdag 25. juni og onsdag 26. juni.
Fisking, klatring, grilling og lage spennande mat er døme på aktivitetar du får vere med på desse dagane.
Tilbodet er gratis.
Meir informasjon og påmelding ligg på heimesida til kommunane.
 

 
 

 Sjå informasjon og brosjyre som er sendt ut her:         Brosjyre

 
 





Tiltak: Sommaraktivitet for barn og ungdom i prosjektkommunane

Barn og unge flest gleder seg som oftast til sommarferien, men for nokon
er det ikkje slik.  

Målsetnad for sommaraktivitet: Barn og ungdom skal ha  moglegheit til å  få gode ferieminner. Ein vil ha fokus på aktivitetar og  friluftsliv

 Ikkje alle barn og ungdom har moglegheit for å få gode ferieminner. Andre er på ferie, men sommaren kan likevel bli lang då mor og far som regel har berre 3 veker ferie. Ein vil  legge opp til aktivitetar som kan skape glede i å nytte naturen aktivt. Ein håpar med dette at det kan føre til motivasjon – lærdom slik at fleire nyttar naturen til fysisk aktivitet resten av året.

 
FFHIS ynskjer å bidra til at ein får på plass fast tilbod i kommunane kvar sommar. Tiltaket skal bidra til gode opplevingar samt lærdom i høve  natur og friluftsliv.

Sjå omtale av tiltak her


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar