Lærings- og meistringssenter


14. juli 2014

Nasjonalt kompetansesenter for læring og meistring innan helse har utarbeida ein flott brosjyre! Denne seier noko om kva eit lærings- og meistringstilbod er og korleis ein jobbar i tilbodet. Sjå brosjyra her:


 

01. april 2014
Lærings- og meistringssenter er eit viktig tilbod i helse og omsorgstenesta. Her blir deltakarar styrka i å meistre kvardagen, til å førebyggje sjukdom og til å halde sjukdomsutvikling i sjakk. Deltakarane får inspirasjon, motivasjon og opplæring som er nyttig og nødvendig for å leve eit godt liv.

FFHIS i samarbeid med arbeidsgruppene i Leikanger, Luster og Sogndal har utarbeida ein rapport med tilråding:

 

 

 

 

 

sjå rapporten her:

Sogn frisklivs- og meistringssenter











3. november 2013
I tråd med samhandlingsreforma er det eit ynskje at lærings- og mestringsstilbod også blir oppretta i kommunane ev. interkommunalt for enkelte grupper.
FFHIS har motteke midlar frå Helsedirektoratet og fylkesmann til dette arbeidet då for tilbod i høve overvekt barn/ungdom og psykisk helse. To arbeidsgrupper har starta opp med dette arbeidet.


1. Familiar som har barn med overvekt

Arbeidsgruppa: helsesøstre og fysioterapeutar frå 3 kommunar (prosjektkommunane), tilsette på Sogn frisklivssentral, ein lege, tannhelsetenesta og prosjektgruppa FFHIS.


2. Psykisk helse

Arbeidsgruppa: psykisk helse frå 3kommunar (prosjektkommunane), tilsette på Sogn frisklivssentral og prosjektgruppa FFHIS.


Det er i tillegg knytt kontakt med høgskulen i Sogndal for å få til eit praksissamarbeid med studentar.
Me samarbeidar med brukarorganisasjonar, nasjonalt kompetansesenter for læring og mestring og lærings- og mestringssenteret Helse Førde.


Det er utarbeida mandat som er godkjent av styringsgruppa:





Mandat psykisk helse

Mandat overvekt barn/ungdom


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar