I Lov om folkehelsearbeid blir det stilt krav til at kommunane skal ha oversikt over helsetilstanden i befolkninga. Nasjonalt folkehelseinstitutt har i folkehelselova fått i oppgåve å gjere tilgjengeleg opplysningar frå sentrale register samt anna relevant statestikk som grunnlag for kommunar sin oversikt. Første del av forprosjektet var å kartlegge helsetilstanden i prosjektkommunane basert på Kommunehelsa statestikkbank. Vidare vart oversikt over helsetilstanden sett i samanheng med anna lokal data. Forprosjektet vart avrunda med eit seminar som presenterte oversikt over helsetilstanden i prosjektkommunane. Seminaret tok prosjektet eit skritt vidare ved å drøfte helsetilstanden og genererte idear for vidare arbeid i prosjektet.
Rapport frå forprosjektet
Seminar om helsetilstand
Føredrag
- Jostein Steene Johannessen Førsteamanuensis Høgskulen i Sogn og Fjordane
Ei heil befolkning i aktivitet, status og utfordringar - Ane Solbraa phd student Høgskulen i Sogn og Fjordane
Fysisk aktivitet og risikofaktorer for hjerte- og karsykdom i Sogn og Fjordane, status i dag og utvikling over tid - Leiv Erik Husabø Samfunnsmedisinar Leikanger kommune
Folkehelseprofilar for prosjektkommunane. Har me sosiale skilnadar i helse? - Britt Sønnesyn Fylkestannpleiar Sogn og Fjordane fylkeskommune
Tenner fortel om helsa di, har me sosiale skilnadar i tannhelse? - Hilde Yndestad Halland Leiar Nav Sogndal
Levekår. Korleis er levekåra for personar i vår region? - Bjarte Ramstad Rektor Trudvang skule i Sogndal
Fysisk aktive skuleborn, kva rolle kan skulen spele i folkehelsearbeidet?
Gruppeoppgåver
Evaluering av seminar om helsetilstand
Flott med blogg! Blir spennende å følge prosjektet framover:)
SvarSlett