onsdag 9. oktober 2013

Friluftsdagar for born i Leikanger, Sogndal og Luster


Folkehelse og førebyggande helsearbeid i Sogn har i samarbeid med frivillige lag og organisasjonar, Høgskulen i Sogn og Fjordane gjennomført friluftsdagar for born i Leikanger, Sogndal og Luster kommune. Borna som har vore med har hatt kjekke og lærerike dagar i natur. Det har vorte lagt opp til dagar fylte med aktivitetar som kano, bål, pil og boge, orientering med GPS, leikar, matlaging, fiske og luftgevær. Aktivitetar i friluft gjev læring, lagarbeid og mestring, naturoppleving, sosiale relasjonar, og nye vener, «gratis» fysisk aktivitet, og mykje moro! Tilbodet er gratis og alle born kan vere med. Tilbakemeldingane i alle tre kommunane; frå borna, foreldre, lag og organisasjonar og høgskulen, har vore udelt positive. Tiltaket har stort potensiale og tilbodet vil fortsette framover i alle kommunane.



Måndag og tysdag i haustferieveka vart friluftsdagar for born arrangert i Sogndal i samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane.
 


Begge dagane i Sogndal vart borna vegleda av studentar på friluftsliv bachelor programmet til Høgskulen i Sogn og Fjordane. Dette passer godt inn i kurset friluftspedagogikk fortel kursansvarleg Linda Hallandvik ved Høgskulen. I dette kurset på Høgskulen vert det fokusert på uteskule og korleis naturen kan nyttast i læring og utvikling av kognitiv, motorisk og sosial kompetanse, men også førebygge livstilssjukdommar og grunnlegge ein aktiv livstil.
 


For studentane ved Høgskulen var det interessant å sjå korleis kommunane no arbeider med folkehelse, og at det finst framtidige arbeidsmoglegheiter innan folkehelse med kompetanse på idrett og friluftsliv.
 


Måndag 7. oktober var 40 born og vaksne på Røvhaugane i Sogndal der dei laga leirplass med gapahuk og bål, baka brød og laga ulike matrettar på bålet. Etter lunsj var det ulike leikar og bygging av pil og boge med påfølgande skyting på blink. Sporlaus ferdsel var sjølvsagt eit tema og leirplassen vart riven og rydda etter dagen.
 


Tysdag 8. oktober var det like mange barn og vaksne i skogen bak Kaupanger barne- og ungdomskule Her var det også leirliv med gapahuk, bålbrenning og matlaging på programmet. I tillegg var det leik og moro i skogen med ulike utfordringar samt dramatisering og historieforteljing rundt bålet.


Tilbakemelding frå ungane var at dette var kjempekjekt og alle fekk gjere noko dei aldri tidlegare hadde gjort, anten det var å sette opp ein gapahuk, lage bål, matlaging på bål, pil og boge eller besøke eit nytt naturområde for å nemne noko. Mange foreldre har også satt pris på eit tilbod til borna i haustferien sidan mange er opptatt med arbeid medan ungane er heime ifrå skulen.
 


No jobbar kommunane vidare med planane for 2014 og målet ar at alle som veks opp i Leikanger, Sogndal og Luster skal få fleire og nye friluftsdagar i samarbeid med frivillige lag, organisasjonar, kommune og høgskulen.

fredag 4. oktober 2013

Friluftsdagar for born i Sogndal

Torsdag 3. oktober planla studentar friluftsdagar for born som vert arrangert i 7. og 8. oktober i Sogndal. Etter ei spannande idemyldring med studentar frå heile landet vart programmet klart.

Måndag og tysdag vert to flotte dagar med leik og læring for store og små i naturen kring Sogndal.

onsdag 2. oktober 2013

Haustoppdatering

Det skjer myke kring folkehelsearbeidet i Sogn i haust.

No er merkinga av S1 Sognefjordvegen i gang. Leikanger barneskule har merkt strekningen ifrå Barneskulen og opp til Stokksete og skal ha opning av denne torsdag 3. oktober. I Sogndal har frisklivsentralen rydda og merka den gamle vegen ifrå Bondeviki og opp til Øyragrendi skule.

Måndag 30 september var ordførarane i Sogndal, Luster og Leikanger samla på tur ifrå Skardsbø og opp til Stedjeåsen. Dette kom sjølvsagt i Sogn avis. Denne strekningen har Lurkarlaget hatt dugnad med rydding og merking denne veka.

 

Måndag 7. oktober og tysdag 8. oktober vert det arrangert friluftsdagar for born i 4.- 7. trinn i Sogndal kommune. Dette blir gjort i lag med friluftsliv studentar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Du kan også fylgje oss på facebook og sjå bilete av S1 Sognefjordvegen på instagram #sognefjordvegen 

onsdag 14. august 2013

S1: Hella- Hermansverk

No ligg strekningen Hella Hermansverk ute på lommekjent. Skilt på denne strekningen vert bestillt i desse dagar, og montert utover hausten og våren. For meir info om turen og GPS data følg linken. Takk til Stein Dyngen i Leikanger for dette fantastiske bidraget.

http://www.lommekjent.no/turer/947284

#sognefjordvegen

Me er på instagram. Følg oss på #sognefjordvegen. Dette bilete er frå strekninga Luster- Havhella.

mandag 15. juli 2013

Friluftsdagar for barn i Luster og Leikanger













Friluftsdagane blei arrangert for fyste gong 25. og 26. juni.
Tilbodet er eit samarbeidsprosjekt mellom frivillige lag/organisasjonar og kommunane Luster, Leikanger og Sogndal gjennom det interkommunale folkehelseprosjektet "FFHIS".
Målsettinga er at barn skal få prøve forskjellige aktivitetar og bli glad i friluftsliv!

Aktivitetar i friluft gjev:
  • - læring, lagarbeid og mestring
  • - naturoppleving
  • - sosiale relasjonar og nye venner
  • - "gratis" fysisk aktivitet
  • - og mykje moro!




Det blei ein flott start på prosjektet både i Luster og Leikanger. Alle som var med, både ungar og vaksne storkosa seg.
Av aktivitetar var det bl.a. kano, fisking, bålbrenning, pil og boge, lage spennande mat på bålpanne, spikking, natursti, kart og kompass, GPS, "sup brett", luftgevær, brenneneslesuppe, seljefløyte mv. Litt ulike aktivitetar i kommunane.

Me har fått veldig gode tilbakemeldingar frå foreldre. Eit flott opplegg der ungane får møtast og drive med spennande aktivitetar heile dagen.

Det er etablert eit godt samarbeid med organisasjonane. Organisasjonar som er med i Luster: Luster Turlag, L.C. Lions, Frivilligsentralen og Nasjonalforeningen Gaupne Helselag.
Leikanger: Leikanger jakt og fiskelag og Systrond speidergruppe.


Me er i planleggingsfase for å få til eit liknande tilbod i Sogndal.
Målet er at dette skal bli eit årleg tilbod for barn i grunnskulen.
Fleire organisasjonar er velkomne til å bli med vidare. Her er det berre å ta kontakt!







Organisasjonane er gull verd for folkehelsearbeidet i kommunane!
- Takk til alle som var med denne gongen -
 

 

torsdag 13. juni 2013

Friluftsdagar for barn

Friluftsdagar 25. og 26. juni

Nytt tilbod i Luster og Leikanger. Me er i planleggingsfase i Sogndal.
Mål for friluftsdagane er at barn skal bli glad i friluftsliv! Vidare at dette blir eit fast tilbod i kommunane (sommar/haust). Tilbodet er gratis. Det er eit samarbeidsprosjekt mellom frivillige lag-/organisasjonar, kommunen og FFHIS.

Nyhende som er lagt ut på heimesida i kommunane Leikanger og Luster:
Friluftsdagar for barn i 5. - 7. klasse
Likar du å drive med aktivitetar ute og bli kjent med andre?
Då er dette noko for deg!
Nytt sommartilbod i Luster og Leikanger tysdag 25. juni og onsdag 26. juni.
Fisking, klatring, grilling og lage spennande mat er døme på aktivitetar du får vere med på desse dagane.
Tilbodet er gratis.
Meir informasjon og påmelding ligg på heimesida til kommunane.

S1 - Sognefjordvegen

Me har lagt ut fleir artiklar og informasjon om
Sognefjordvegen. Arbeidet går framover og dette blir spennande!

Sjå: http://ffhis.blogspot.no/p/sognefjordsvege-s1.html eller trykk på eigen link her på framsida.

fredag 5. april 2013

Opning av Sogn frisklivssentral


Den fyste interkommunale frisklivssentralen i Sogn og Fjordane


22. mars var det formell opning av Sogn frisklivssentral.
Opninga var på helsesenteret i Gaupne i Luster kommune.

Det var velkomst ved rådmann i Sogndal og formell opning ved ordførar i Sogndal og Luster.
Frisklivssentralen er eit samarbeid mellom kommunane Leikanger, Luster og Sogndal og er eit resultat av det interkommunale prosjektet Folkehelse og førebyggjande helsearbeid i Sogn. Sogndal kommune er vertskommune og det er kontor i Sogndal og Gaupne (2 dagar).



                              Kristine Mardal t.v. og Elisabeth Rygge i Sogn Frisklivssentral

Ein frisklivssentral har som mål å fremja helse og førebyggje sjukdom og skal gje eit lågterskel tilbod til innbyggjarane innafor helseåtferdsområda fysisk aktivitet, kosthald og tobakk. Ein frisklivssentral er og eit kommunalt kompetansesenter for andre helsefremjande tiltak.
Frisklivssentralen hjelp og støttar personar som ynskjer å endre levevanar og førebyggje livsstilssjukdommar

Frisklivssentralen er forankra i kommunehelsetenesta og har tett samarbeid med andre aktørar i kommunen; frivillige organisasjonar, private og tenester i andre sektorar. Frisklivssentralen kan fungere som ein ressurs og eit kontaktpunkt for andre helsefremjande tiltak i kommunen.

Helsedirektoratet har anbefalt etablering av frisklivssentralar i alle kommunar, alternativt gjennom interkommunalt samarbeid. Etablering av frisklivssentral vil bidra til å styrke kommunen sine førebyggjande helsetenester. Den vil nå målgrupper kommunen har eit ansvar for å gje tilbod til og bidra til eit bindeledd mellom medisinsk behandling og eigenmeistring.



                       Dei tilsette i frisklivssentralen saman med ordførarane i Sogndal og Luster




 

mandag 4. februar 2013

Nye tiltak og prosjekt

Sjå prosjektskisse og omtale av nye tiltak på nettsida.


Frisklivssentral

Sogn frisklivssentral - felles frisklivssentral for kommunane Leikanger, Luster og Sogndal.
Kommunane er samde om å etablera ein felles frisklivssentral - Sogn frisklivssentral (Sogn FLS).
Me er i gang med planlegging av opning!

Rapporten "Etablere/vidareutvikle frisklivssentral i Sogndal, Leikanger og Luster" er lagt ut på nettsida.