onsdag 9. oktober 2013

Friluftsdagar for born i Leikanger, Sogndal og Luster


Folkehelse og førebyggande helsearbeid i Sogn har i samarbeid med frivillige lag og organisasjonar, Høgskulen i Sogn og Fjordane gjennomført friluftsdagar for born i Leikanger, Sogndal og Luster kommune. Borna som har vore med har hatt kjekke og lærerike dagar i natur. Det har vorte lagt opp til dagar fylte med aktivitetar som kano, bål, pil og boge, orientering med GPS, leikar, matlaging, fiske og luftgevær. Aktivitetar i friluft gjev læring, lagarbeid og mestring, naturoppleving, sosiale relasjonar, og nye vener, «gratis» fysisk aktivitet, og mykje moro! Tilbodet er gratis og alle born kan vere med. Tilbakemeldingane i alle tre kommunane; frå borna, foreldre, lag og organisasjonar og høgskulen, har vore udelt positive. Tiltaket har stort potensiale og tilbodet vil fortsette framover i alle kommunane.



Måndag og tysdag i haustferieveka vart friluftsdagar for born arrangert i Sogndal i samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane.
 


Begge dagane i Sogndal vart borna vegleda av studentar på friluftsliv bachelor programmet til Høgskulen i Sogn og Fjordane. Dette passer godt inn i kurset friluftspedagogikk fortel kursansvarleg Linda Hallandvik ved Høgskulen. I dette kurset på Høgskulen vert det fokusert på uteskule og korleis naturen kan nyttast i læring og utvikling av kognitiv, motorisk og sosial kompetanse, men også førebygge livstilssjukdommar og grunnlegge ein aktiv livstil.
 


For studentane ved Høgskulen var det interessant å sjå korleis kommunane no arbeider med folkehelse, og at det finst framtidige arbeidsmoglegheiter innan folkehelse med kompetanse på idrett og friluftsliv.
 


Måndag 7. oktober var 40 born og vaksne på Røvhaugane i Sogndal der dei laga leirplass med gapahuk og bål, baka brød og laga ulike matrettar på bålet. Etter lunsj var det ulike leikar og bygging av pil og boge med påfølgande skyting på blink. Sporlaus ferdsel var sjølvsagt eit tema og leirplassen vart riven og rydda etter dagen.
 


Tysdag 8. oktober var det like mange barn og vaksne i skogen bak Kaupanger barne- og ungdomskule Her var det også leirliv med gapahuk, bålbrenning og matlaging på programmet. I tillegg var det leik og moro i skogen med ulike utfordringar samt dramatisering og historieforteljing rundt bålet.


Tilbakemelding frå ungane var at dette var kjempekjekt og alle fekk gjere noko dei aldri tidlegare hadde gjort, anten det var å sette opp ein gapahuk, lage bål, matlaging på bål, pil og boge eller besøke eit nytt naturområde for å nemne noko. Mange foreldre har også satt pris på eit tilbod til borna i haustferien sidan mange er opptatt med arbeid medan ungane er heime ifrå skulen.
 


No jobbar kommunane vidare med planane for 2014 og målet ar at alle som veks opp i Leikanger, Sogndal og Luster skal få fleire og nye friluftsdagar i samarbeid med frivillige lag, organisasjonar, kommune og høgskulen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar